Film i DKS

Film-ikon

Film og levande bilete er ein naturleg del av barn og unges kvardag, anten det er på kino eller tv, på nett eller gjennom sosiale medium. Film kan vere ein døropnar for ulike måtar å oppleve og fortelje historier på, og spegle barn og unges eigne liv og samfunnet vi lever i.

Gjennom film i DKS kan elevane få møte filmskaparar og filmsjangrar som dokumentaren, kortfilmen, spelefilmen og animasjonsfilmen. Dei får høvet til å sjå og oppleve filmkunst, delta på filmverkstad og få innføring i filmhistorie, filmproduksjon og filmkritikk.

Er du utøvar? Sjå Film – DKS for utøvarar