Litteratur i DKS

Litteratur-ikon

Kva var den første boka nokon las for deg? Kva bok har endra deg og måten du tenkjer på? Kva er den beste boka du har lese? 

Møtet med litteratur i Den kulturelle skulesekken skal tilby elevane litt meir ut over litteraturen dei får gjennom undervisninga; om det er via eit forfattarmøte eller andre måtar å formidle kvalitetslitteratur på. I dette møtet ligg høvet til å skape både engasjement og ei nysgjerrigheit som forhåpentleg får eleven til å vilje halde fram inn i boka. I boka kan ein finne identitet og tilhøyrsel, ein kan søkje trøyst og ein kan flykte. Gjennom litteraturen får ein avkrefta og stadfesta – både seg sjølv og andre. Den skal utvide horisontar og gi barn og ungdom noko dei kanskje ikkje visste at dei trong. Der ligg krafta i god litteratur og god litteraturformidling.

Er du utøvar? Sjå Litteratur – DKS for utøvarar