Ny portal for DKS

Meir kunst og kultur av høg kvalitet til det viktigaste publikummet i verda! Det er blant måla med ny nasjonal portal for Den kulturelle skulesekken, som skal gjere det enklare for musikarar, forfattarar, kunstnarar eller kulturformidlarar, å melde inn forslag.

Den kulturelle skulesekken(DKS) skal sikre at alle barn og unge får oppleve profesjonell kunst og kultur i skulen, som er eit viktig verkemiddel for at barn og unge skal ha lik tilgang til kunst- og kulturopplevingar, uavhengig av bustad og bakgrunn.

DKS-ordninga er òg Noregs største arbeidsplass for kunstnarar og kulturformidlarar. I 2018 fekk 800 000 elevar unike kunst- og kulturopplevingar i skulen, takka vere 3500 utøvarar, med kunst- og kulturproduksjonar innan litteratur, visuell kunst, film, scenekunst, kulturarv og musikk.

Éin stad éin frist
Når ny nasjonal DKS-portal lanseres september, blir det enklare for utøvarar å melde inn forslaga sine til DKS. For utøvarar betyr dette at detnå bli éin portal og éin frist (1. oktober) for innmelding av forslag til DKS i heile landet. Det vil bli enklare, meir oversiktleg og tidssparande.

Den kulturelle skulesekken ønskjer seg dei beste utøvarane, med dei beste produksjonane, til det viktigaste publikummet i verda – barn og unge. Med ny portal samlar vi DKS-ordninga, som er forankra lokalt i fylke og kommunar, og gjere det enklare for profesjonelle utøvarar å melde inn forslaga sine. Vi håpar portalen vil gi meir oversikt og vere tidssparande, slik at vi opne for endå fleire profesjonelle produksjonar av høg kvalitet til barn og unge, seier direktør i Kulturtanken, Lin Marie Holvik

Betre oversikt
DKS-portalen vil gi ein enklare, meir oversiktleg og tidssparande kvardag for utøvarar. Med «mi side» og kan utøvarar sjølv administrere informasjonen sin og forslaget sitt om produksjon til DKS.

For DKS-planleggjarar vil han vere eit verktøy for planlegging, publisering og evaluering. Kulturkontaktane og lærarar vil sikrast god og relevant informasjon om tilbodet, og vi vil få eit betre grunnlag for data til rapportar og statistikk som gir kunnskap om Den kulturelle skulesekken.
DKS-portalen vil synleggjere kunst- og kulturproduksjonar for barn og unge i eit større omfang enn nokon annan stad vi har i dag. Dette blir viktig både for utøvarar, men etter kvart òg for elevar, lærarar og foreldre som vil få ei endå betre oversikt over kunst- og kulturtilbodet gjennom DKS.

FAKTA

Dette er DKS-portalen:
-ein innmeldingsportal for utøvarar med éin frist i året (1. oktober 2019)
– eitt felles fagsystem for alle som jobbar med administrasjon av DKS (høsten 2019)
– ein bank med oversikt over alle produksjonar i DKS (skoleåret 2020/2021)
– visningsrute for elevar og lærarar om deira DKS-tilbod (skoleåret 2020/2021)
-nye nettsider for Den kulturelle skulesekken – nasjonalt (høst 2019) og regionalt (2020).