– At elevane er så medskapande har gitt makelause stunder
Publisert 24.08.2020
Teatersjef og skodespelar Mats Eldøen ønskjer at kvar framsyning skal vere eit eventyr – for utøvarane og for elevane.
– Eg har turnert vanvitig mykje i Den kulturelle skulesekken! samanfattar Mats Eldøen, kunstnarisk leiar for Det Andre Teatret.
I nær 16 år har han turnert med ulike framsyningar og ensemble. Den raude tråden har vore ei leiken tilnærming i møte med barn og unge. Og ein 50/50-fordelig av medskaping og underhaldning.
– Ein impro-forestilling kan lett bli ein «heime-åleine-fest». Men gjennom åra har vi lært oss korleis vi kan guide den ville energien opp og ned. Vi kan gå frå poetiske scener og leie det ut i vill galskap, for så å føre elevane til små, filosofiske stunder der dei reflekterer saman med oss.
Besøkjande drøymer med elevar
Han nemner framsyninga «Ønskedrøm» som eit godt døme på sistnemnde. I han skriv elevane ned ønske og drøymer som blir hangne på eit tre, og som så er utgangspunktet for improviserte historier og situasjonar.
– Nokre ønskedraumar er såre og ekte og nære. Som «eg skulle ønske at pappa ikkje var så sint» eller «eg skulle ønske at mamma kom heim». Vi får høve til å besøkje dei draumane saman med elevane. Målet er at alle ønskedraumane skal bli fantastiske!
Kongen som fjerta
– Det at elevane er så medskapande i framsyningane våre har gitt makelause stunder som eg kjem til å hugse resten av livet, seier Eldøen og gir eitt av mange døme på minneverdig augneblink: Dei hadde utfordra elevar i småskulen til å finne ein måte å få ein konge som alltid var sur til å le. Ein førsteklassing tok ivrig på seg oppgåva. Han stilte seg høgtideleg opp føre alle – og fjerta gigahøyt!
– Vi måtte nesten avbryte framsyninga, for det tok heilt av! Og så var han så stolt – og dei andre elevane var så stolte av han. Det var fint å sjå.
Eldøen og kollegaene hans har éin hovudregel når dei turnerer:
– Vi skal ha eit eventyr kvar gong vi har framsyning. Eg er ekstremt lykkeleg over at alt vi har laga har vore fundamenterte i at også utøvarane skal ha det gøy.
Fakta: Mats Eldøen er kunstnarisk leiar for Det Andre Teatret, Noregs første og einaste teater med fokus på improvisasjon, som blir kjenneteikna ved omforming, nær historieforteljing fortalt i dialog med publikum og leik med teatrale verkemiddel.