Visuell kunst i DKS rommar fagområda biletkunst, arkitektur, design og kunsthandverk. Dei omkring 800 årlege produksjonane tek alle tenkjelege former: Kunstnarmøte, museumsbesøk, visningar, atelierbesøk, performative verk, forelesingar og verkstader. Slik må det nesten vere, for kunsten i DKS skal vere like mangfaldig, grenselaus og ustyrleg som all annan kunst. Derfor vil visuell kunst ofte også inngå i ulike konstellasjonar med andre kunst- og kulturuttrykk, som film, litteratur eller scenekunst.
Er du utøvar? Sjå Visuell kunst – DKS for utøvarar