Kollasj med DKS-logoer for ulike fylker og kommuner

Grafisk profil

Den kulturelle skulesekken – éi ordning, éin profil og felles logo.

Velkommen til designmanual for Den kulturelle skulesekken (DKS). Her kan du lese om retningslinjer for bruk av den visuelle identiteten og laste ned nødvendige filer.

Kulturtanken har utarbeidd logo og visuell profil for Den kulturelle skulesekken. Målet er å ha ein felles visuell identitet for Den kulturelle skulesekken i heile landet. Ein felles identitet bidreg til å styrkje felles eigarskap til ordninga, og til attkjenning for alle som er del av eller påverka av ordninga.

Tre versjoner av nasjonal DKS-logo

Nasjonal logo for DKS finst på bokmål, nynorsk, samisk og engelsk. Logoikonet er felles for DKS i heile landet, og er bygd opp på det gylne snittet. Dette kan brukast som profilbilete i sosiale medium, eller som eit «kvalitetsstempel» på flater der namnetrekket ikkje må inkluderast.

Lokale DKS-logoar
Den kulturelle skulesekken er ei nasjonal ordning, men har samtidig sterk regional og lokal tilknyting. Derfor bruker fylkeskommunane eigne fargar i DKS-logo og uttrykk. Det er utarbeidd DKS-logoar for alle fylke og kommunar i landet, i både farga, svart og kvit variant. Logoane finst i bokmål, nynorsk og samisk skriftspråk, avhengig av lokale behov.

Logo for DKS kan nyttast åleine eller saman med fylkes- eller kommunevåpen, på nettsider, trykt materiell eller i sosiale medium. Kvart namnetrekk har ein ståande og liggjande versjon. Logoane er tilgjengeleg i høgopplausleg vektor-versjon (AI-fil) for bruk på trykte flater, og i lågopplausleg versjon (PNG-fil) for bruk på skjerm.

Ikon og grafiske former

Ikoner for de seks kunst- og kulturuttrykkene i DKS

Det er teikna seks ikon som representerer dei ulike kunst- og kulturuttrykka i DKS: kulturarv, film, visuell kunst, litteratur, musikk og scenekunst. Ikona kan brukast for å forsterke kva for eit av områda som blir kommuniserte, og kan også brukast samla for å vise breidda av uttrykk.

Ikona finst i blå, svart og kvit variant, og som farga sirkelikon, der kvart uttrykk har fått tildelt ein eigen farge frå fargepaletten for DKS. Ikona er tilgjengeleg i høgopplausleg vektor-versjon (AI-fil) for bruk på trykte flater, og i lågopplausleg versjon (PNG-fil) for bruk på skjerm.

Grafiske former
Ikona kan også brytast opp i ulike grafiske former for å skape eit kreativt og leikent uttrykk tilpassa bodskapen. Sirkel (og «smultring») blir mest nytta, men også firkant og likesidet trekant er former som kan nyttast. Sjå døme under Trykte flater.

Typografi

Den kulturelle skulesekken har ein profilfont for trykte flater og nettsider, og ein systemfont (som finst som standard i dei fleste tekstverktøy) for Office-dokument. Det vart innført nye fontar i 2022, mellom anna for å forbetre lesbarheit i samband med universell utforming.

Profilfont
Fonten Merriweather Sans blir brukt til alt trykt materiale, som rapportar, brosjyrar og plakatar, og til nettsider. Fonten er tilgjengeleg for nedlasting frå Google Fonts, og kan nyttast fritt.

Visuell presentasjon av fonten Merriweather Sans

Systemfont
Fonten Calibri blir brukt i alle Office-dokument og -presentasjonar, som Word og PowerPoint, og andre stader der det er unaturleg eller komplisert å nytte profilfonten. Fonten er tilgjengeleg som standard i alle Office-program.

Visuell presentasjon av fonten Calibri

Fargar

Alle fylkeskommunar bruker eigne fargar i DKS-logo og uttrykk. På nasjonalt nivå har DKS følgjande fargepalett:

Primærfargar
Primærfargane skal alltid prioriterast i generelt materiell. Det blir jobba i hovudsak med blått to variantar, og dessutan grønt. Primærfargane kan brukast i ulik mettingsgrad basert på opacity: 80% – 50% – 20% eller i Hex-verdiane under.

CMYK : 78 33 0 0
Pantone: Process Blue C
RGB: 26 142 206
Hex: #1a8ece

Hex: #6ca9d6

Hex: #9cc6e3

Hex: #d8e8f4

CMYK : 100 78 6 0
Pantone: 7685 C
RGB: 29 81 149
Hex : #03509b

CMYK : 65 0 42 0
Pantone: 3258 C
RGB: 76 191 171
Hex: #44c4ad

#557cb0

#8da7ca

#d3dcea

#69d0bd

#a1e1d6

#daf3ef

Sekundærfargar
Sekundærfargar blir brukte til å skape variasjon og framheve ulike element i kommunikasjonen. Desse fargane skal brukast sparsamt i generelt materiell, til dømes til Call To Action-element, men kan brukast i meir utstrekt grad i prosjekt- og arrangementsmateriell for å få eit særeige uttrykk. Sekundærfargane kan også brukast i ulik mettingsgrad basert på opacity: 80% – 50% – 20%.

CMYK: 56 84 0 0
Pantone: 258 C
RGB: 133 75 157
HEX: #854b9d

CMYK: 90 47 47 41
Pantone: 3165 C
RGB: 0 78 87
HEX: #004e57

CMYK: 2 6 92 0
Pantone: 115C
RGB: 255 227 46
HEX: #ffe32e

CMYK: 0 98 93 0
Pantone: 1788 C
RGB: 237 33 41
HEX: #ed2129

I tillegg blir svart og kvitt nytta som sekundærfargar i profilen.

Foto

Kulturtanken og Den kulturelle skulesekken har eit rikt biletarkiv som dekkjer mange uttrykk og behov. I designet er det lagt opp til stor variasjon av både bilete og illustrasjonar. Vi bruker helst bilete med mykje glede, energi og engasjement, gjerne i fargar som harmonerer med fargepaletten. Særleg møta til barn og unge med kunst og kultur, og utøvarar som brenn for det dei driv med, er tema som går igjen.

Bileta i biletarkivet DKS-illustrasjonsbilder kan nyttast vederlagsfritt av DKS-administrasjonar til nettsider og anna informasjonsmateriell om DKS, fortrinnsvis med kreditering. Ta kontakt med Kulturtankens kommunikasjonseining for annan type bruk, eller viss du ser etter spesifikke bilete eller tema.

To skuespillere på "romferd" i teatertelt.
Kvinnelig, samisk sanger på scenen foran elever.
En barnehånd strekker seg etter en "fisk" i dukketeater.
Kvinnelige rappere har "battle" med bøker.
Asha Abdullahi fremfører slampoesi på scenen.
Mannlig utøver snakker med elever i klasserommet.
Publikum strekker hendene i været under konsert.

Trykte flater

For trykt materiell kan grafiske former, fargar og foto kombinerast på ulike måtar. Foto blir gjerne brukt som eit stort, utfallslende element. For å strukturere innhaldet blir det nytta grafiske former som sirklar og firkantar. Det er som regel ideelt å nytte 2-3 profilfargar i samspel, då uttrykket skal opplevast fargerikt og leikent, men ikkje for utflytande. Horisontale linjer/kantar kan setjast heilt vassrett, men kan også skråstilles med 5-10 gradar der det passar.

Under er to dømeannonsar og ei brosjyreside som illustrerer prinsippa.

Eksempel på DKS-annonse (kun for illustrasjon).
Eksempel på dobbeltside fra DKS-brosjyre.

Digitale flater

Den kulturelle skulesekkens primære digitale flate er nettstaden denkulturelleskulesekken.no. Både nasjonale og lokale sider følgjer det visuelle uttrykket frå grafisk profil, med unntak av at lokale sider nyttar eigen fargepalett frå gjeldande fylke eller kommune.

Prinsippa frå grafisk profil blir også implementerte i andre digitale element som Powerpoint-presentasjonar, annonsering og sosiale medium.

Skjermdump av forside på denkulturelleskolesekken.no - eksempel

Powerpoint

Det er sett opp ein eigen Powerpoint-mal basert på den grafiske profilen, som DKS-administrasjonar kan nytte fritt. Malen tek utgangspunkt i den nasjonale fargepaletten for DKS, men fargar og logoar kan endrast og tilpassast etter lokale behov.

Skjermdump av første lysbilde i Powerpoint-mal

Har du spørsmål om grafisk profil for Den kulturelle skulesekken?
Ta kontakt med Kulturtankens kommunikasjonseining