Vedtak av DKS-programmet 2023/24
Publisert 12.04.2023
Vestland fylkeskommune har avgjort kva produksjonar vi ønskjer å tilby i programmet for Den kulturelle skulesekken (DKS) neste skuleår. Elevar i grunnskule og vidaregåande skule over heile fylket får eit variert tilbod når vi byr på opplevingar innan film, litteratur, musikk, scenekunst, visuell kunst og kulturarv.
For skuleåret 2023/24 fekk Vestland fylkeskommune 1178 forslag til produksjonar til DKS-programmet. Programmet vart vedteke 21.03.2023.
For deg som er utøvar
Alle framleggsstillarar/utøvarar vil få melding om at dei kan logge seg inn i DKS-portalen og sjå status for sin produksjon.
Logg inn i DKS-portalen og sjå status på din/dykkar produksjon.
- Gå inn på “Dine framlegg”.
- Klikk deg inn på det aktuelle framlegget.
- Sjå endeleg status.
Saksframlegg
Du kan lese saksframlegga her:
Om DKS og arbeidet med programmet
Du kan lese meir om DKS og om korleis vi jobbar fram DKS- programmet og kva kriterium vi arbeider etter på Vestland fylkeskommune sine nettsider.
For meir informasjon
Charlotte Espeland
Koordinator, Den kulturelle skulesekken Vestland
Charlotte.Espeland@vlfk.no
489 95 606