For kulturkontakt

Kulturkontakten er eit viktig bindeledd mellom skulane, Vestland fylkeskommuen og utøvarane. Her finn du viktig informasjon for kulturkontakten. 

  • Kulturkontakten skal halde DKS Vestland oppdatert på timeplanar, elevtal, elevfrie dagar og kontaktinformasjon til kulturkontakt og skulen. Dette gjerast på DKS- portalen.
  • Være godt orientert om tilbodet som kjem frå DKS Vestland. 
  • Gjere informasjonen om framsyningane lett tilgjengelig, t.d. på oppslagstavler/ lærarrom.
  • Vidareformidle og sikre informasjon til kontaktlærarar om dei ulike tilboda.
  • Følgje opp elevar eller andre som får delegert ansvar ved besøk på skulen.
  • Syte for at lærarane gjev alle elevar informasjon om tilboda slik at dei er godt førebudde. 

Kontakt med utøvarane på arrangementsdagen

Kulturkontakten er skulen sin kontaktperson for utøvarane. Utøvarane tek kontakt på førehand for å avklare praktiske forhold knytt til framsyninga.

  • Vere hyggelig vertskap, ta imot utøvarane og syte for bærehjelp etter behov.
  • Vise utøvarane spelestaden, garderobe og lærarrom.
  • Ynskje utøvarane velkomne og eventuelt introdusere framsyninga.
  • Takke utøvarane.

Sjekkliste for konsert, danse- og teaterframsyingar

  • Er konsertlokalet ledig?
  • Trengst det bærehjelp?
  • Kor lang riggetid har utøvarane, og kor tid kjem dei til skulen?
  • Skal det være blending?
  • Er temperaturen i lokalet ok?
  • Er det nok straum tilgjengelig?
  • Korleis  skal elevane plasserast?

Etter framsyninga

Bidra til at skulen/einskildlærarar sender inn evaluering etter besøk/framsyning.

Til slutt

Avklar med utøvarane læraren si rolle under framsyninga; er de publikum på linje med elevene? Kven grip inn i dei tilfella det utviklar seg uheldige situasjonar ved td. uro?