Svart-kvitt foto som viser båtar i hamna i New York, slepebåtar og passasjerskip.
New York: Hamna i New York var det første møtet med Amerika for svært mange av dei norske emigrantane. (Foto: ukjend fotograf. Foto-ID: SFFf-1994268.0002)

Støtte til nyproduksjon frå Vestland fylkeskommune

Utvandrarjubileet 2025

I anledning Utvandrarjubileet 2025 kan profesjonelle kunst- og kulturtilbydarar søkje om støtte til å utvikle nye produksjonar som er knytt til tematikken for jubileet, og basert på historisk kjeldemateriale frå Vestland. 

Utlysinga er ikkje ein del av det ordinære DKS-programmet og tilhøyrande prosedyrar, men er lyst ut av Vestland fylkeskommune for å stimulere til at Utvandrarjubileet 2025 vert markert kringom i Vestland fylke. Produksjonar som får produksjonsstøtte skal turnere i Vestland, i samband med Den kulturelle skulesekken (DKS), Den kulturelle spaserstokken (DKSS) og andre fylkeskommunale arrangement.   

Les meir om bakgrunnen for utlysinga, kriterium og sjå korleis du kan søkje på fylkeskommunen sine nettsider: Støtte til nyproduksjon – Vestland fylkeskommune. Søknadsfristen er 20.11.24.

Du kan også lese nyhendesak om utlysing på Vestland fylkeskommune sine nettsider: Utvandrarjubileet 2025: Søk støtte til nye kunst- og kulturproduksjonar – Vestland fylkeskommune.