Slik fungerer DKS-portalen

DKS-portalen

DKS-portalen er administrasjons- og kommunikasjonsflata for Den kulturelle skulesekken.

Til vanleg kallar vi nettstaden berre “portalen”.

Kvar skule har si eiga side der elevtal, timeplan og kontaktpersonar skal førast inn. Det er viktig at kulturkontaktane og skulane set seg inn i og tek DKS-portalen i bruk.

Portalen er :

  • eit felles fagsystem for alle som jobbar med og i DKS
  • èi visingsrute for elevar og lærarar om deira DKS-tilbod
  • èin innmeldingsportal, med ein felles frist, for utøvarar
  • èin bank for alle produksjonar i DKS

Innlogging i DKS-portalen