Transportstønad
Skulane får dekka transport når dei deltek på DKS-tilbod i regi av Vestland fylkeskommune, når tilboda ikkje er i gåavstand til skulen.
Skulane bestiller sjølve skyss til dei takstane som gjeld i skuletida, og vi ber om at rekninga blir sendt til Vestland fylkeskommune.
NB! Hugs at transportselskapet må merkje fakturaen med nummeret de får opplyst (34807 eller 14333), namnet til skulen, kva DKS- tilbod refusjonskravet gjeld og dato.
Vestland fylkekommune nyttar elektronisk faktura:
- E-fakturaadresse: 0192:821311632
- Aksesspunkt: Visma
- Meir om å sende faktura til Vestland fylkeskommune: www.vestlandfylke.no/om-oss/sende-faktura-til-vestland/.