Om DKS
Den kulturelle skulesekken er ei nasjonal satsing som skal bidra til at alle skuleelever i Noreg får møte profesjonell kunst og kultur av alle slag.
Den kulturelle skulesekken er eit samarbeidsprosjekt mellom Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet.
I Vestland er det fylkekommunen som administrerer ordninga.
Den kulturelle skulesekken skal:
• være eit gratis tilbud for alle barn og unge i grunnskulen og videregående skule og skal tilbydast jevnlig
• sikre at barn og unge får eit likeverdig og profesjonelt kunst- og kulturtilbod av høy kvalitet, uavhengig av kvar dei bur, slik at dei kan gjere seg kjent med og utvikle forståing for eit variert spekter av kulturuttrykk
• bidra til barn og unge si danning og utdanning, slik dette er formulert i overordna del og læreplaner i fag
• formidle eit kulturtilbod som blir opplevd som relevant, og som representerer eit kulturelt mangfold av tilbod og utøvarar
• være eit samarbeid mellom kultursektoren og utdanningssektoren på alle nivå for å sikre god planlegging, forankring og tilrettelegging
• bidra til å styrke norsk språk, dei samiske språka, dei nasjonale minoritetsspråka og norsk tegnspråk som grunnleggande kulturbærara
• bidra til å formidle kunst- og kulturtilbud til barnehagebarn
Den kulturelle skulesekken skal utformast og uavlateleg vurderast ut frå eit sett med prinsipp for ordninga:
Varig ordning: Den kulturelle skulesekken skal vere ei varig ordning for elevar i skulen.
For alle elevar: Den kulturelle skulesekken skal femne om alle elevar i grunnskulen og den vidaregåande opplæringa, uavhengig av kva skule dei går på og kva økonomisk, sosial, etnisk og religiøs bakgrunn dei har.
Realisere mål i læreplanverket: Innhaldet i kunst- og kulturtilboda i Den kulturelle skulesekken skal medverke til å realisere skulen sine mål slik dei kjem til uttrykk i den generelle delen i læreplanverket og i dei ulike læreplanane.
Høg kvalitet: Elevane skal møte profesjonelle kunst- og kulturtilbod med høg kunstnarleg kvalitet.
Kulturelt mangfald: Den kulturelle skulesekken skal omfatte ulike kunst- og kulturuttrykk med røter i eit mangfald av kulturar og frå ulike tidsperiodar.
Breidde: Både musikk, scenekunst, visuell kunst, film, litteratur og kulturarv skal vere representerte i Den kulturelle skulesekken. Det skal vere variasjon i formidlingsmåtane.
Regularitet: Elevane skal sikrast eit regelmessig tilbod på alle klassetrinn.
Samarbeid kultur–skule: Arbeidet med Den kulturelle skulesekken skal skje i eit godt samarbeid mellom kultur- og opplæringssektoren på alle nivå. Det skal sikrast god forankring og tid til planlegging i skulen.
Rollefordeling kultur–skule: Opplæringssektoren har ansvaret for å leggje føre- og etterarbeid pedagogisk til rette for elevane, medan kultursektoren har ansvaret for kulturinnhaldet i Den kulturelle skulesekken og for å informere om innhaldet i god tid.
Lokal forankring og eigarskap: Den kulturelle skulesekken må forankrast lokalt, i den enkelte skulen, kommunen og fylket. Dette sikrar lokal entusiasme og gjev rom for mange lokale variantar, slik at alle skal kunne kjenne eigarskap til Den kulturelle skulesekken.
Sentrale stortingsmeldingar
To sentrale storingsmeldingar legg føringar for arbeidet med og i Den kulturelle skulesekken.
- Stortingsmelding nr 8. 2007-2008 “Kulturell skulesekk for framtida”.
- Stortingsmelding nr 18 (2020-2021) “Oppleve, skape, dele – Kunst og kultur for, med og av barn og unge”.