For kulturkontakt
Kulturkontakten er eit viktig bindeledd mellom skulane, Vestland fylkeskommuen og utøvarane. Her finn du viktig informasjon for kulturkontakten.
- Kulturkontakten skal halde DKS Vestland oppdatert på timeplanar, elevtal, elevfrie dagar og kontaktinformasjon til kulturkontakt og skulen. Dette gjerast på DKS- portalen.
- Være godt orientert om tilbodet som kjem frå DKS Vestland.
- Sjekke nettsida www.denkulturelleskolesekken.no/vestland jamleg.
- Sjekke fakta-ark, lærarrettleiing og tekniske spesifikasjonar på www.denkulturelleskolesekken.no/vestland
- Gjere informasjonen om framsyningane lett tilgjengelig, t.d. på oppslagstavler/ lærarrom.
- Vidareformidle og sikre informasjon til kontaktlærarar om dei ulike tilboda.
- Følgje opp elevar eller andre som får delegert ansvar ved besøk på skulen.
- Syte for at lærarane gjev alle elevar informasjon om tilboda slik at dei er godt førebudde.
- Bestille buss dersom skulen skal reise til ein annan skule eller lokale for å sjå framsyning eller konsert. DKS refunderer alle kostnader til transport når det er DKS som har lagt opp til reise i turneplanen.
Kontakt med utøvarane på arrangementsdagen
Kulturkontakten er skulen sin kontaktperson for utøvarane. Utøvarane tek kontakt på førehand for å avklare praktiske forhold knytt til framsyninga.
- Vere hyggelig vertskap, ta imot utøvarane og syte for bærehjelp etter behov.
- Vise utøvarane spelestaden, garderobe og lærarrom.
- Ynskje utøvarane velkomne og eventuelt introdusere framsyninga.
- Takke utøvarane.
Sjekkliste for konsert, danse- og teaterframsyingar
- Er konsertlokalet ledig?
- Trengst det bærehjelp?
- Kor lang riggetid har utøvarane, og kor tid kjem dei til skulen?
- Skal det være blending?
- Er temperaturen i lokalet ok?
- Er det nok straum tilgjengelig?
- Korleis skal elevane plasserast?
Etter framsyninga
Bidra til at skulen/einskildlærarar sender inn evaluering etter besøk/framsyning.
Til slutt
Avklar med utøvarane læraren si rolle under framsyninga; er de publikum på linje med elevene? Kven grip inn i dei tilfella det utviklar seg uheldige situasjonar ved td. uro?