DKS-program for skuleåret 2023/2024

Nå er programmet for neste skuleår publisert her på DKS-portalen. Me har eit variert program og håpar at det som kjem til dykkar skule fell i smak. I år er det første gong me legg program for Karmøy kommune og vil nytta høvet til å ønskja skulane i Karmøy spesielt velkommen.

Dersom de ser at det ikkje passar i forhold til dykkar planar/timeplan, ver venleg å gi beskjed så snart som råd er slik at me kan flytta på det slik at det kan passa. Me ønskjer dykk ein god sommar og velkommen til eit nytt DKS-år i august!