Forslag til produksjon
Vil du formidla kunst og kultur til barn og unge i Rogaland? Har du ein idé som kan bli til ein spennande produksjon? Då kan Den kulturelle skulesekken vere noko for deg.
Den kulturelle skulesekken (DKS) skal sikre at alle barn og unge får oppleve profesjonell kunst og kultur i skulen. Årleg turnerer om lag 4000 utøvarar i DKS rundt i heile landet med kunst- og kulturproduksjonar innan litteratur, visuell kunst, film, scenekunst, kulturarv og musikk. DKS-ordninga er eit viktig verkemiddel for at alle barn og unge skal ha lik tilgang til kunst- og kulturopplevingar, uavhengig av kor dei bur og kva bakgrunn dei har.
Alle forslag til produksjonar i DKS må gå via vårt fagsystem, Portalen. Profesjonelle utøvarar, institusjonar, produsentar og formidlarar av kunst og kultur kan sende inn forslag til formidling. Frist for å sende inn forslag er sett til 1.oktober kl. 23.59, og Portalen opnar for innsending av forslag 1.september. Meir informasjon om forslagsprosessen finn du her.
Når vi vurderer produksjonar til DKS Rogaland, er det den kunstariske kvaliteten som er det viktigaste, men vi ser samstundes etter mangfald i form og innhald. Vi tar i mot ferdig utvikla produksjonar og produksjonar som framleis er på idéstadiet. Har de opptak av produksjonen, send oss gjerne ei lenke til opptaket, så vert det lettare for oss å vurdere.
For elevane i den vidaregåande skulen treng vi forslag til produksjonar innan alle kunstsjangrane.
Vi tek berre kontakt med dei utøvarane vi ønsker å ha med i kommande års program. Vi har diverre ikkje kapasitet til å gje tilbakemelding til alle som sender inn forslag til formidling. Det treng ikkje vere kvalitetsmessige årsaker til at ein produksjon ikkje vert med i DKS-programmet i Rogaland, men ein total vurdering av profil på programmet, kva produksjon vi treng for å komplettere programmet teller like mykje.
Når vi vel å gå vidare med ein produksjon, vil produsenten vurdere om det er aktuelt å vidareutvikle formidlinga i høve til innhald, relevans, fagleg utøving, formidling, tilpassing til skulane sine arenaer og varigheit. Det kan også vere relevant å kopla produksjonen til overordna del i læreplanane samt ein eller feire tverrfaglege tema som:
- Folkehelse og livsmeistring
- Demokrati og medborgarskap
- Berekraftig utvikling