Elev i stripete genser som lager motiv med tape på golvet.
Teiporama

DKS-programmet for skuleåret 2024/2025 er klart!

Nå er programmet for neste skuleår publisert her på DKS-portalen. Me har eit variert program og håpar at det som kjem til dykkar skule komande skuleår fell i smak.

Dersom de ser at det som er sett opp ikkje passar i forhold til dykkar planar/timeplan, ver venleg å gi beskjed så snart som råd. Då skal me klara å flytta på turneen slik at det kan passa for dykk. Me ønskjer dykk ein god sommar og velkommen til eit nytt DKS-år i august!