Kommunekontaktens rolle
Oppgåver for kommunekontaktane:
- Hald deg orientert på DKS-portalen
Ved å gå inn regelmessig på nettsidene til DKS Rogaland, er de sikre på å vera informerte om endringar og nyhende.
- Leia/koordinera den kommunale DKS-gruppa
Kommunekontakten i samarbeid med den kommunale DKS-gruppa har ansvaret for kommunal plan for DKS, og økonomi og rapportering av dei utdelte spelemidlane. Kommmunekontakten skal initiera, rettleia og koordinera lokale prosjekt. Det vil ikkje seia det same som at dei skal laga alt sjølv, men sjå til at lokale produksjonar er i tråd med målsettingane til DKS.
- Kontakt med skulane v/kulturkontakt
Kommunekontakten må ha jamnleg kommunikasjon med kulturkontaktane på skulane. Det er desse som har ansvaret for at alt fungerer når skulen får besøk av kunstnarar og kulturformidlarar.
I tillegg arrangerer kommunekontakten kurs for elevvertar, ofte i samarbeid med andre kommunar og/eller med DKS Rogland.
- Informasjon
Til kommuneadministrasjonen. Dette er viktig slik at det vert lagt til rette for at kulturkontaktane får gode ressursar til å utføra arbeidet sitt, t.d. i form av tid og pengar.
- Kontakt med DKS Rogaland
DKS Rogaland ønskjer jamn kontakt med kommunekontaktane gjennom møte og samlingar, men òg i form av tilbakemeldingar på ting som skjer. Det er særleg viktig å få melding om endringar som skjer med skular og kontaktnett, men òg om kommunale planleggingsdagar.