Kulturkontaktens rolle
Kulturkontaktane er våre viktigste ambassadørar for Den kulturelle skulesekken inn mot sitt nettverk; anten det er i forhold til elevar, lærarar eller skuleleiinga.
Kvar skule har ein tilsett som har hovudansvaret for kontakten mellom skulen, Den kulturelle skulesekken i Rogaland og kunstnarane/utøvarane som kjem på besøk.
Kulturkontakten har både ei spennande og ansvarsfylt oppgåve. Det vil alltid vere snakk om kva ein har tid til å prioritera i ein travel skulekvardag, men ein aktiv kulturkontakt kan bidra til å skapa grunnlaget for gode møter mellom elevar og kunstnarar.
Kulturkontaktens oppgåver
- Halda seg orientert om tilbodet fra DKS Rogaland
 - Administrera valg av produksjonar.
 - Oppdatera skoleinfo i Portalen
 - Vidareformidla informasjon til lærarar om aktuelle produksjonar.
 - Sørga for at alt praktisk er lagt tilrette før besøket.
 - Ta imot utøvarane og visa dei til lokala dei skal bruka.
 - Presentera utøvarane for elevane.
 

Meir info er tilgjengeleg på Teams (for vgs.)
Sjå i denne kanalen (Oppl DKS vgs skolekontakter) eller kontakt oss for å få tilgang.
