Fakturering
Faktura må merkast med ressursnummeret til produsent og sendast som EHF (Elektronisk handelsformat) til Rogaland Fylkeskommune, organisasjonsnummer 971045698. For meir informasjon: https://www.rogfk.no/om-fylkeskommunen/innkjop-og-fakturering/faktura-til-rogaland-fylkeskommune/
Fakturaen må innehalde:
fakturanummer
adresse
dato
organisasjonsnummer
betalingsfrist
bankkonto
produsenten sitt ressursnummer
Kopi av kvitteringar for utlegg må leggast ved. Utbetaling skjer når DKS Rogaland har motteke faktura etter avslutta turné. All utbetaling som ikkje er refusjon av utlegg, vert rapportert som honorar utbetalt til sjølvstendig næringsdrivande.