Utøvarens rolle
Kva er den kulturelle skulesekken?
Informasjonside for deg som reiser, eller skal reise, for Den kulturelle skulesekken i Rogaland
Den kulturelle skulesekken(DKS) er ei nasjonal satsing som skal medverka til at alle skuleelevar i Noreg får møta profesjonell kunst og kultur av alle slag. Den kulturelle skulesekken er eit samarbeidsprosjekt mellom Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet.
Elevane og skulene skal gjennom ordninga få mulighet til å oppleva, gjera seg kjent med og utvikla forståing for profesjonelle kunst- og kulturuttrykk av alle slag. Kulturtilboda skal vera av høg kvalitet og visa heile breida av kulturuttrykk: scenekunst, visuell kunst, musikk, film, litteratur og kulturarv. Den kulturelle skulesekken har vore ein del av regjeringens kulturpolitiske satsing for grunnskulen sidan 2001, og har etterkvart blitt utvida til vidaregåande skule. Dette betyr at alle elevar – frå 6 til 19 år – er med i ordninga.
Vil du formidla kunst og kultur til barn og unge i Rogaland? Har du eit spennande prosjekt på gang?
Frist for innmelding av produksjoner er kvart år 1. oktober.
Dette gjeld for både grunnskule, vidaregåande og tilrettelagte skuletilbod.
Innmelding av produksjoner skjer via den sentrale DKS-portalen på denkulturelleskolesekken.no.